Motocrossbana i Stryn
Motocross i hjartet av fjordane

Kjenn
gassen.

Stryn Motorsportklubb driv crossbana på Skarsmyrvegen. Frå dei minste på 50ccm til erfarne køyrarar — her er det plass til alle som vil ut på bana.

Scroll ↓

Vi byggjer klubbhus 🏁

Vi har fått 400 000 kr frå Sparebank1 Sogn og Fjordane, og treng di hjelp for å kome i mål med kjøkken, opphaldsrom, bad og garderobe. Alt monnar!

Støtt spleisen →
Frå klubben

Nyheiter

Siste oppdateringar frå bana, treningar og arrangement.

Trening

Søndag 14.juni

12. juni 2026

Kjøring med sikkerhetsleder søndag 14.juni kl 12.00-15.00 Det er kun sikkerhetsleder til stede på bana søndag og det er derfor ikkje mogleg…

Les meir →
Uncategorised

Onsdag 10.juni

9. juni 2026

Kjøring med sikkerhetsleder onsdag 10.juni kl 17.00-19.00 Det er kun sikkerhetsleder til stede på bana i onsdag og det er derfor ikkje…

Les meir →
SMX
Uncategorised

Søndagskjøring 10.mai

8. mai 2026

Køyring på motocrossbana på Søndag Vi inviterer til køyring på bana med sikkerheitsleiar til stades: Tid: kl. 12:00–15:00 Det blir dessverre ikkje…

Les meir →
SMX
Uncategorised

SIKKERHETSLEIAR KURS

28. april 2026

For dei som vil ha denne kompetansen så er det kurs 11.Mai på TEAMS. https://www.minidrett.no/kurs/18997036

Les meir →
Opningstider 2026

Når kan du køyre?

Det skal alltid vere sikkerheits-/aktivitetsleiar til stades ved køyring.

Tysdag12:00 – 20:00
Onsdag12:00 – 20:00Sikk.leiar 17–19
Torsdag12:00 – 20:00
Laurdag10:00 – 18:00
Søndag12:00 – 16:00Sikk.leiar 12–15
Ved køyring utanom dagane klubben stiller med sikkerheitsleiar, må ein sjølv ordne dette.
🌞 Sumarferie veke 28–31: inga organisert køyring onsdag/søndag, men bana er open for eigen køyring.
«Kom og prøv»-lisens er ikkje mogleg kvar dag — det krev aktivitetsleiar. Ta kontakt på førehand for å sjekke kva dagar det passar.
Medlemmar frå andre klubbar må varsle før ankomst.
Prisar 2026

Kva kostar det?

Baneleige og sykkelleige betalast på Vipps #26674. Medlemskap via MinIdrett.

Baneleige

Vipps #26674
  • Dag — medlem 25 kr
  • År enkelt — medlem 300 kr
  • År familie — medlem 600 kr
  • Dag — ikkje-medlem 50–125 ccm 100 kr
  • Dag — ikkje-medlem 150 ccm+ 200 kr

Medlemskap

MinIdrett
  • Barn — enkelt 300 kr
  • Vaksen — enkelt 500 kr
  • Familie 1000 kr
Slik melder du deg inn →

Leigesykkel

Vipps #26674 · 30 min
  • 50–110 ccm 100 kr
  • 125 ccm 200 kr
  • 150 ccm 300 kr
  • ATV 50 ccm 150 kr
Kom i gang

Krav for å køyre

Dette må vere på plass før du går ut på bana.

Dette treng du

  • Utøvaren må vere fylt 5 år
  • Gyldig lisens — «kom og prøv» eller nasjonal
  • Medlemskap i klubb (ikkje for «kom og prøv» under 12 år)
  • Betalt baneleige (dag eller år)
  • Hjelm og godkjent verneutstyr
  • Sikkerheits-/aktivitetsleiar til stades

Barn under 16 år

  • Må ha med ansvarshavande over 18 år
  • Éin ansvarshavande kan ha med inntil to barn
  • Foresett må ha gyldig medlemskap for at nasjonal lisens skal gjelde

Vil du bli sikkerheitsleiar? Kurs takast gjennom NMF (nmfsport.no). Du må vere fylt 18 år.

Medlemskap og lisens

Slik kjem du i gang

Tre steg til å bli medlem — og kva som krevst for nasjonal lisens.

1

Meld deg inn

Registrer deg og familien via MinIdrett. Barn under 16 år må ha foresett med gyldig medlemskap; barn under 15 vert lagt til av foresett.

2

Vel klubb og aktivitet

Søk opp Stryn Motorsportklubb, vel ønskt aktivitet, og betal medlemskontingenten for å fullføre innmeldinga.

3

Skaff lisens

Alle som driv motorsport må ha gyldig lisens frå NMF. Sjå kva som krevst etter alder under.

Barn

5–12 år
  • Kan få nasjonal lisens
  • Ingen kurskrav for barnet
  • Foresett må gjennomføre lisenskurs
  • Gjeld trening og konkurranse i Norden

Junior & Vaksen

Frå 13 år
  • Grunnkurs lisens NMF (obligatorisk)
  • Grenspesifikt kurs (t.d. motocross)
  • Praktisk trening i klubb krevst
  • Lisens kjøpast via MinIdrett etter beståtte kurs

Kurs for nasjonal lisens

Berre lyst å prøve? 🟡

«Kom og prøv»-lisens lèt deg teste sporten under tilsyn av aktivitetsleiar (gul vest). Barn over 12 år må vere medlem. Tilgjengeleg ved utvalde arrangement — ta kontakt på førehand.

Hugs: utøvar med «kom og prøv» skal ha gul vest, og baneleige skal betalast.

Utleige

Syklane våre

Treng du sykkel? Vi leiger ut frå dei minste barneklassane og oppover (Vipps #26674). Det er ikkje alltid mogleg — vi må ha ansvarlege på plass, så ta kontakt på førehand. Ved stor pågang kan det bli noko ventetid.

Utleige gjeld for 30 min. Det er mogleg å leige lenger dersom det ikkje kjem andre som ønskjer å leige same køyretøy. Då blir det eventuelt rullering per 30 min. NB! Ordninga er ikkje tenkt som eit fast alternativ for eigen sykkel.
1 STK

Yamaha PW50

Frå 5 år100 kr/30min
2 STK

Honda CRF50

Frå 5 år100 kr/30min
2 STK

Honda CRF110

Frå 7 år100 kr/30min
1 STK

Honda CRF125

Frå 9 år200 kr/30min
1 STK

Honda CRF150R

Frå 13 år / erfarne300 kr/30min
1 STK

Yamaha YFM50 ATV

Frå 6 år150 kr/30min
Tryggleik

Flaggregler

Signal du må kjenne til på bana.

Grønt

Bana er klar. Trening eller heat kan starte — fri køyring.

Gult — i ro

Fare på bana. Køyr forsiktig.

Gult — viftande

Fare på denne delen av bana. Reduser farten, ingen forbikøyring eller hopping fram til hinderet er passert, og ver klar til å stoppe.

Gult med raude striper

Endra eller glatt baneunderlag framfor (olje, vatn, laus grus). Ver varsam.

Raudt

Trening/heat er avbrote. Alle stoppar og køyrer sakte tilbake til start/depot.

Blått

Ein raskare førar tek deg igjen — slepp forbi. Viftande: forbikøyring skjer no.

Svart

Vist saman med startnummer: den føraren skal forlate bana og melde seg til funksjonær.

Kvitt

Sakte køyretøy på bana — t.d. service- eller ambulansekøyretøy.

Svart-kvit rutete

Målflagg: trening, heat eller løp er slutt.

Teikn frå flaggvakt og sikkerheitsleiar skal alltid følgjast. Er du i tvil — senk farten.
For vakter

Sjekkliste sikkerheitsleiar

Rutine for dei som har vakt på bana.

Før køyring
  • Ta på gul vaktvest (heng i brakka)
  • Sjå over bana før køyring startar
Innsjekk før køyring

Følgjande skal leggjast fram for sikkerheitsleiar:

  • Betalt baneleige (dag/år, Vipps)
  • Betalt medlemskontingent for året
  • Gyldig lisens for året
  • Barn under 16: foresett må ha gyldig medlemskap
  • Registrering i perm

Barn under 16 skal ha med ansvarshavande — maks 2 barn per ansvarshavande.

Kom og prøv
  • Aktivitetsleiar (oransje vest) til stades
  • Medlemskap krav dersom førar er 13 år eller eldre
  • Barn 5–12 år kan kjøpe prøvelisens direkte (ikkje medlemskrav)
  • Baneleige skal betalast
  • Utøvar skal ha gul refleksvest
Inndeling av køyretøy
  • Anbefalt ca. 5 køyretøy per bane
  • Vurder storleik (2-takt/4-takt) og ferdigheitsnivå
  • Vurder tid per økt — motocross er fysisk krevjande

Anbefalt køyretid: barn 15 min · ungdom 15 min · vaksne 15 min.

Flaggvakt
  • Sikkerheitsleiar kan delegere foreldre/publikum som flaggvakter (min. 16 år)
  • Kvar flaggpost overvaker bana i køyreretninga fram til neste post
  • Skjer noko i området, signaliser med korrekt flagg — godt synleg for utøvarane
Om oss og anlegget

Ein bane bygd på dugnad

Stryn Motorsportklubb er ein frivillig klubb som driv crossbana på Skarsmyrvegen, like utanfor Stryn. Anlegget har ein hovudbane på ca. 850 m og ei barnebane på ca. 160 m, og klubben er tilknytt Norges Motorsportforbund.

Klubben blir driven på dugnad, og styret jobbar kontinuerleg med å gjere tilbodet betre. Sidan alt skjer på dugnad, ber vi om forståing for at det kan ta litt tid før vi svarar på førespurnader.

850 m
Hovudbane
160 m
Barnebane
NMF
Tilknytt forbund
Bana
Kontakt

Vel møtt til bana

Har du spørsmål om medlemskap, lisens eller leige? Ta kontakt med oss — vi hjelper deg gjerne i gang.

AdresseSkarsmyrvegen 47, 6783 Stryn
KontaktSteffen Svarstad
BetalingVipps #26674 · MinIdrett