Viktig medlemsmøte og for motorsport interreserte

Møte om Stryn Motorsportklubb si framtid

Styret i motorsportklubben kallar inn til medlemsmøte torsdag 29. august klokka 18:00 i lokala våre på motocrossbana på Svarstad.

Framtida til klubben er uviss. Vi har i fleire år prøvd å finne ein ny leiar til klubben. Dagens leiar har lenge signalisert at han ynskjer avløysing utan at vi har klart å finne ny leiar. Leiaren har no meldt til valnemnda at 2019 blir hans siste år i klubben.
Vi har og fått melding om at andre med lang fartstid trekker seg frå styret til neste år. Disse har vore heilt sentrale i drifta av klubben siste åra.
Det har vore lite oppmøte på årsmøta siste åra, og det har vist seg vanskeleg å rekruttere nye til styret som ynskjer å ta ei aktiv rolle i drifta av klubben. Det er difor overhengande fare for at klubben vil bli lagt ned til neste år.
Styret kallar difor inn til møte om klubben si framtid der vi oppmodar alle medlemmar og andre med interesse for motorsport til å møte opp. Vi har behov for å diskutere om det er grunnlag for vidare drift av klubben.

Beste helsing
Styret i Stryn Motorsportklubb