Snart klart for sesong

Dette jobbar klubben med

Det nærmar seg at bana er fri for både snø og overflatevatn, og vi ser fram mot ein ny og aktiv sesong. Gjennom starten på det nye året har styret jobba med fleire viktige område:

Utleigesyklar

Vi går gjennom alle utleigesyklane og gir dei full service. Frå og med i år kan vi tilby syklar i storleikar frå dei minste barneklassene og opp til ungdom – 50 ccm til 150 ccm.

Brakker og planlegging av klubbhus

Dei gamle brakkene er under sanering. Samtidig jobbar styret aktivt med finansiering av eit nytt klubbhus med rom for bad, opphald, omkleding, speaker, tidtaking og kjøkkenkrok.

Kurs og aktivitetsleiarar

Vi jobbar med å få til kurs for å utdanne fleire aktivitetsleiarar, slik at klubben kan gi eit betre og meir stabilt tilbod til medlemmane.

Medlemsmøte – 25.03.2026

På medlemsmøtet ønskjer styret innspel frå medlemmane om korleis klubben kan utvikle seg vidare og bli endå betre. Vi håpar mange møter opp.

Vårdugnad – 18.04.2026

På dugnaden blir det skoging langs bana og vedlikehald på gjerdet. Dette er viktig arbeid for å sikre ein trygg og ryddig bane før sesongstart.

Sesongopning / Kickoff – 26.04.2026

Vi planlegg eit felles oppstartarrangement for alle medlemmar. Meir informasjon kjem når datoen nærmar seg.