DUGNAD I STRYN MOTORSPORTKLUBB – 18.04.26 kl. 10.00
Vi inviterer alle medlemmar til dugnad laurdag 18. april 2026 frå kl. 10.00.
Arbeidsoppgåvene blir:
•Flising og rydding
•Saging av tre
•Reparasjon av gjerde
•Maling av speakerbua
Fint om dei som kan, tek med:
•Motorsag
•Ryddesag
•Sirkelsag
•Skrumaskin
Vi håpar mange har høve til å kome og hjelpe til – saman får vi gjort mykje på kort tid!