← Tilbake til nyheiter Trening

Trening onsdag og søndag i veke 26

22. juni 2026

Denne veka (veke 26) er det aktivitetsleiar på bana både onsdag og søndag. Onsdag frå 17.00-19.00 og søndag frå 12.00-15.00.

Det er mogleg med leige av crossykkel og kjøring med «kom og prøv» lisens. Anbefaler alle som skal ha «kom og prøv» lisens om å registrere seg som brukar på MinIdrett på førehand, dersom ein ikkje har dette frå før. Da må ein registrere den personen som skal ha «kom og prøv» lisens i MinIdrett, og deretter kan ein kjøpe lisensen.
Dersom ein er over 12 år, så må ein tillegg være medlem i klubben for å kunne ha «kom og prøv» lisens.
Dette sparer ein for mykje tid på bana. De kan lese om «kom og prøv» lisens og medlemsskap på vår heimeside. Ein har ikkje lov å kjøre uten gyldig lisens.

Ved stor pågang må ein rekne med ventetid på leige av sykkel. Leigetid er 30 min per gong, og rullering dersom ein vil leige lenger og det er fleire i kø.

Vi er avhengige at foreldre stiller som flaggvakter på desse dagane. Så når du kjem ut ta med deg eit gult flagg frå brakka, og still deg opp på ein post. Fint om fleire kan bidra med dette slik at det blir trygt for alle, og at fleire kan rullere på å stå. Aktivitetsleiar/sikkerhetsleiar skal ha overordna tilsyn, men foreldre MÅ stille på som flaggvakter på bana.

Velkome til kjøring 🙂

← Alle nyheiter