← Tilbake til nyheiter Trening

Trening onsdag og søndag veke 33

11. august 2026

Denne veka (veke 33) er det aktivitetsleiar på bana onsdag frå 17.00-19.00 og søndag frå 12.00-15.00. Merk at det ligg framleis ein del vatn i bana, og at ein må pårekne å bli våte pga. det.

Det er mogleg med leige av crossykkel og kjøring med «kom og prøv» lisens. Anbefaler alle som skal ha «kom og prøv» lisens om å registrere seg som brukar på MinIdrett på førehand, dersom ein ikkje har dette frå før. Da må ein registrere den personen som skal ha «kom og prøv» lisens i MinIdrett, og deretter kan ein kjøpe «kom og prøv» lisens.
Dersom ein er over 12 år, så må ein tillegg være medlem i klubben for å kunne ha «kom og prøv» lisens. Da må ein melde seg inn som medlem på førehand, og informasjon om dette ligg på heimeside.
Kan være lurt å vente med å kjøpe sjølve dagslisensen til ein ser om det er ledig kjøretøy, da lisensen kun gjeld den dagen ein kjøper den (men registrering av bruker i MinIdrett kan ein gjere i forvegen.)
Om ein gjer dette på førehand så sparer ein for mykje tid på bana. Det er ikkje alltid vi har ledig kapasitet til å hjelpe til med dette. De kan lese om «kom og prøv» lisens og medlemsskap på vår heimeside. Ein har ikkje lov å kjøre uten gyldig lisens.

Ved stor pågang må ein rekne med ventetid på leige av sykkel. Leigetid er 30 min per gong, og rullering dersom ein vil leige lenger og det er fleire i kø.

Vi er avhengige at foreldre stiller som flaggvakter på desse dagane. Så når du kjem ut ta med deg eit gult flagg frå brakka, og still deg opp på ein post. Fint om fleire kan bidra med dette slik at det blir trygt for alle, og at fleire kan rullere på å stå. Aktivitetsleiar/sikkerhetsleiar skal ha overordna tilsyn, men foreldre MÅ stille på som flaggvakter på bana.

← Alle nyheiter