Onsdag er det trening frå 17.00-19.00. Det er aktivitetsleder til stades, og det er dermed mogleg å kjøre med «kom og prøv» lisens og ein kan leige sykkel. Les meir utfyllande om leige og «kom og prøv» lisens her på heimesida.
Om det er fyrste gong ein skal prøve og ein treng «kom og prøv» lisens, så er det lurt å registrere føraren som bruker i MinIdrett på førehand. Dette sparer ein for mykje tid, og det er ikkje alltid vi har kapasitet til å hjelpe. Merk at ein må være fylt 5 år, og at ein må ha lisens for å kunne kjøre.
Ved stor pågang må ein pårekne ventetid.
Søndag det trening frå 12.00-15.00. Da er det sikkerhetsleder til stades. Det er dermed IKKJE mogleg å kjøre med «kom og prøv» lisens denne dagen, og heller ikkje leige sykkel av klubben.
Dei som har nasjonal lisens kan kjøre.
Vel møtt 🙂
