← Tilbake til nyheiter Trening

Trening veke 35

24. august 2026

Denne veka (veke 35) er det aktivitetsleiar på bana onsdag frå 17.00-19.00 og søndag frå 12.00-15.00.

ONSDAG frå 17.00-18.30 er det mogleg å leige crossykkel av klubben og kjøre med «kom og prøv» lisens (engangslisens for dei som vil prøve sporten). Ein må minimum være fylt 5 år.
SØNDAG frå 12.00-14.30 er det mogleg å leige crossykkel av klubben og kjøre med «kom og prøv» lisens.

Alle som skal ha «kom og prøv» lisens så må foresatt/verge registrere barnet som brukar i MinIdrett på førehand, dersom ein ikkje har dette frå før.
Dersom ein er over 12 år, så må ein tillegg være medlem i klubben for å kunne ha «kom og prøv» lisens.
Kan være lurt å vente med å kjøpe sjølve dagslisensen(kom og prøv) til ein ser om det er ledig kjøretøy, da lisensen kun gjeld den dagen ein kjøper for.
Det er ikkje alltid vi har ledig kapasitet til å hjelpe til med dette på bana, så derfor er det fint å gjere det klart i forkant. De kan lese om «kom og prøv» lisens og medlemskap på vår heimeside.
Ein har ikkje lov å kjøre uten gyldig lisens (nasjonal eller kom og prøv).

Ved stor pågang må ein rekne med ventetid på leige av sykkel. Leigetid er 30 min per gong, og rullering dersom ein vil leige lenger og det er fleire i kø.

Vi er avhengige at foreldre stiller som flaggvakter på desse dagane. Så når du kjem ut ta med deg eit gult flagg frå brakka, og still deg opp på ein post. Fint om fleire kan bidra med dette slik at det blir trygt for alle, og at fleire kan rullere på å stå. Aktivitetsleiar/sikkerhetsleiar skal ha overordna tilsyn, men foreldre MÅ stille på som flaggvakter på bana for at ditt barn skal ha ein trygg dag på bana.

Vel møtt 🙂

← Alle nyheiter