← Tilbake til nyheiter Trening

Trening veke 37

7. september 2026

Veke 37 er det sikkerhetsleder på bana onsdag frå 17.00-19.00 og søndag frå 12.00-15.00.

NB: I veke 37 er det IKKJE moglegheit til å leige crossykkel av klubben. Det er heller IKKJE mogleg å kjøre med «kom og prøv lisens».
Dei med eigen sykkel og gyldig nasjonal lisens kan kome å kjøre.

Stryn Motorsportklubb er ein organisasjon som blir dreven på dugnad av frivillige medlemmar.
Det er eit krav frå Norges Motorsportforbund om at det må være aktivitetsleder (sikkerhetsleder er ikkje godkjent) til stades for å kunne ha utøvare med «kom og prøv» lisens på bana. Klubben har få frivillige som er utdanna aktivitetsleder, og av den grunn har ikkje klubben moglegheit til å tilby «kom og prøv» lisens kvar veke. Det er heller ikkje alle frivillige sikkerheitsledere/aktivitetsledere som har moglegheit til å drive med utleige av crossykler, og derfor kan vi heller ikkje tilby det tilbodet kvar veke. Følg med på heimesida her for informasjon om kva for veker dei ulike tilboda er tilgjengelege.

Om du har teke kurs som sikkerhetsleder  eller aktivitetleiar og ønskjer å bidra til fellesskapet ved å hjelpe til med å være vakt på treningar, så set styret stor pris på dette.

Vi er avhengige at foreldre stiller som flaggvakter på desse dagane. Så når du kjem ut ta med deg eit gult flagg frå brakka, og still deg opp på ein post. Fint om fleire kan bidra med dette slik at det blir trygt for alle, og at fleire kan rullere på å stå. Aktivitetsleiar/sikkerhetsleiar skal ha overordna tilsyn, men foreldre MÅ stille på som flaggvakter på bana for at ditt barn skal ha ein trygg dag på bana.

Vel møtt til trening:)

← Alle nyheiter