Veke 41 er det aktivitetsleiar på bana onsdag frå 17.00-19.00 og søndag frå 12.00-15.00.
Dette er siste veka i 2026 der klubben har organisert trening onsdag og søndag, og siste veka det er anledning til å leige sykkel og utstyr.
Onsdag frå 17.00-18.30 og Søndag frå 12.00-14.30 er det mogleg å leige crossykkel av klubben for dei som ønskjer å prøve sporten og kjøre med «kom og prøv» lisens (engangslisens).
Ein må minimum være fylt 5 år.
Det er eit krav frå NMF om gyldig lisens innan motorsport. Ønskjer ein å komme prøve sporten, så må ein kjøpe «kom og prøv» lisens gjennom MinIdrett.
Alle som skal ha «kom og prøv» lisens, så må foresatt/verge registrere barnet som brukar i MinIdrett på førehand, dersom ein ikkje har dette frå før.
Dersom ein er over 12 år, så må ein tillegg være medlem i klubben for å kunne ha «kom og prøv» lisens. De finne informasjon om medlemsskap her på heimesida, og korleis melde seg inn i klubben.
Kan være lurt å vente med å kjøpe sjølve «kom og prøv» lisensen til ein ser om det er ledig kjøretøy, men registrering i MinIdrett (www.minidrett.no) må ein gjere på førehand.
Eingongslisens (kom og prøv) er gyldig kun den dagen den blir kjøpt, og kan kjøpes inntil seks ganger per år. Månadslisens (kom og prøv) er gyldig i 1 mnd frå kjøpsdato, og kan kun kjøpes ein gong per år.
Det er ikkje alltid vi har ledig kapasitet til å hjelpe til med å ordne dette på bana.
De kan lese om «kom og prøv» lisens på heimesida.
Ved stor pågang må ein rekne med ventetid på leige av sykkel. Leigetid er 30 min per gong, og rullering dersom ein vil leige lenger og det er fleire i kø. Det betyr at ein kan leige og betale for 30 min om gongen. Er det ingen i kø, så kan ein leige lenger. Foreldre må være med å hjelpe/sjå til bornet under kjøring, og passe på at tida blir overholdt.
Vi er avhengige at foreldre stiller som flaggvakter på desse dagane. Så når du kjem ut ta med deg eit gult flagg frå brakka, og still deg opp på ein post. Fint om fleire kan bidra med dette slik at det blir trygt for alle, og at fleire kan rullere på å stå. Aktivitetsleiar/sikkerhetsleiar skal ha overordna tilsyn, men forheldre MÅ stille på som flaggvakter på bana for at ditt barn skal ha ein trygg dag på bana.
Klubben blir dreven på dugnad av frivillig medlemmar. Det er medlemmar som stiller på som vakter på desse treningsdagane. Sidan det berre er ein person som har vakt per trening, så ber vi om forståing om at det kan være ventetid på å få hjelp.
På grunn av auka pågang på anlegget, så treng vi fleire frivillige medlemmar til neste sesong som kan være med på dugnaden om å drifte klubben.
Ta kontakt med styret for å høyre korleis du kan hjelpe.
