← Tilbake til nyheiter Uncategorised

Alle med-dag i samarbeid med Stryn Kommune

6. oktober 2026

 

Alle Med-dag på Stryn Motorsportklubb

I samarbeid med Stryn kommune inviterer Stryn Motorsportklubb til Alle Med-dag på crossbana laurdag 17. oktober kl. 12.00–16.00.

Dette er ein dag der barn og unge får moglegheit til å prøve motocross i trygge rammer.

✅ Gratis lån av motocross-sykkel
✅ Gratis «Kom og prøv»-lisens
✅ Gratis pølse til alle
✅ Gratis saft og kaffi
✅ Rettleiing frå erfarne førarar og klubbmedlemmer
✅ For barn og unge frå 5 år og oppover

Skal du prøve motocross? Opprett gjerne brukar i MinIdrett (www.minidrett.no) på førehand. Foreldre må legge til barn.
Registrering av gratis «Kom og prøv»-lisens tek vi på bana.

Barn må ha med ansvarshavande over 18 år, og ein ansvarshavande kan ha med inntil to barn.

Anlegget er ope frå 12-16.00 denne dagen, så kom når det passar. Ein må rekne med noko ventetid, da vi har eit utvalg crossyklar som alle må dele på å prøve. Ein får prøve ei satt tid, så er det neste i køen sin tur.

Du treng ikkje eigen motorsykkel, kjøreutstyr eller erfaring. Det har vi.

📅 Laurdag 17. oktober
🕛 Kl. 12.00–16.00
📍 Skarsmyrvegen 47, Stryn

Arrangementet er gratis og ope for alle.

—
Med Hilsen
Stryn Motorsportklubb
Skarsmyrvegen 47
Org.nr: 988 247 979

← Alle nyheiter