Då er sesongen over! Frå og med veke 42 vil det ikkje lenger vere organisert trening i regi av klubben. Det vil seie at klubben ikkje har sikkerheitsleiar/aktivitetsleiar på bana onsdagar og søndagar.
Det vil heller ikkje vere mogleg å leige crossykkel eller låne klede og utstyr av klubben før til neste sesong. No skal dette gjennom vedlikehald, service og vasking, slik at det er klart til neste sesong.
Bana vil framleis, så lenge forholda er gode, vere open for eigen køyring innanfor opningstidene:Opningstider 2026
Hugs at det er eit krav om at det minimum må vere éin sikkerheitsleiar/aktivitetsleiar til stades ved køyring. Skal du ut og køyre, må du derfor ha med deg ein sikkerheitsleiar/aktivitetsleiar sjølv.
Klubben satsar på å starte opp att med organisert trening i løpet av våren 2027, og kjem tilbake med meir informasjon om tidspunkt og dagar seinare. For å kunne få til det, så…
Vi treng fleire frivillige
Klubben blir driven på dugnad av frivillige medlemmar. Det er medlemmar som stiller som vakter på treningsdagane, og som bidreg med vedlikehald av anlegget.
På grunn av auka pågang på anlegget erfarer vi at vi treng fleire frivillige medlemmar som kan bidra i dugnaden.
Er du utdanna sikkerheitsleiar/aktivitetsleiar, eller ønskjer å bli det? Vi treng fleire personar per vakt på treningsdagane, og håpar du har lyst til å hjelpe oss med dette. Dersom du ikkje ønskjer å ha hovudansvar eller vere der åleine, kan du sjølvsagt setjast opp på vakt saman med nokon.
Ta gjerne kontakt med styret for å høyre meir om korleis du kan bidra.
Status for klubbhuset
Når det gjeld klubbhuset, ventar vi på svar på søknaden frå Stryn kommune. Styret håpar på eit positivt svar, slik at ein kanskje kan starte opp arbeidet med å få på plass klubbhuset til neste sesong.
Håpet er å kunne tilby medlemmane bedre fasilitetar med ein innandørs opphaldsstad, der det vil være moglegheit for toalett, omkledning og varme. Ein hyggeleg plass å kunne samlast innandørs.
Takk for ein kjekk sesong på bana – så sjåast vi neste år!
