Stryn Motorsportklubb blei etablert i 2004, og er ein klubb som ynskjer å legge til rette for motorsport i regionen. Vi har fått tildelt eit område i Stryn miljø- og næringspark av Stryn Kommune, som er regulert til motorsport. Her har klubben bygd ei 950m lang motorcrossbane for motorcross-sykkel, 4-hjulingar(ATV) og snøscooter. Vidare er det prosjektert eit område på nabotomta for parkering, klubbhus og gocart. Heile anlegget går under navnet Stryn Motorpark. Bana vil bli bygd slik at den kan brukast av alle uansett ferdigheitsnivå, men også på ein slik måte at dei talenta som dukkar opp får dei utfordringane dei treng undervegs.
På anlegget vil det bli laga ei spesiell bane for dei minste.
Det primære satsingsområdet til Stryn motorsportklubb er barn og unge mellom 5 og 18 år.
Vi vil drive haldningsskapande arbeid med respekt for gjeldande lover/reglar og fart. Vidare jobbe med å understreke viktigheita med bruk av sikkerheitsutstyr, og lære opp interesserte i vedlikehald av køyretøya. Klubben vil inngå samarbeid med organisasjonar som NAF, Trygg Trafikk og MA for å få til ulike arrangement og kurs som medlemmane og sponsorane kan få glede av.
Det er ei kjent sak at motorsport er eit velegna tilbod til barn og unge som er spenningssøkande. Her vil Stryn Motorsportklubb legge til rette for eit nytt fritidstilbod i Stryn og omegn. Vi vil påstå at dei som driv med denne typen sport, blir til betre sjåførar når dei ein dag skal ut i trafikken. Dei har fått rast ifrå seg på bana, og forhåpentligvis kan Stryn Motorsportklubb på denne måten vere med å forebygge trafikkulukker.
Vi har pr. i dag ca. 180 medlemmar.
Kontaktinformasjon:
Om det skulle vere spørsmål angåande Stryn Motorsportklubb, vennligst ta kontakt med følgande individ.
Leiar: Ragnar Lunde Mobil: 90 15 88 89 E-Post: ra-lunde@online.no
Kasserar: Per Vidar Roset Mobil: 90 14 34 98 E-post: kasserar@strynmx.no
Styremedlem: Jan gunnar Sætre Mobil: 98684029 E-post: Kun personsøker
Styremedlem: Frank Sanden Mobil: 94316706 E-post: web@strynmx.no
Trenerkoordinator: Jan Gunnar Sætre
Webansvarlig: Frank Sanden
Anleggsansvarlig: Ragnar Lunde
ÅRSMELDINGA FOR 2011 FINN DU HER!
Tips og teknisk på web-side: web@strynmx.no Bruk denne adressa for annonsering, ved feil informasjon på Nett-sida, om noko ikkje virkar.
