Før køyring
Ta på gul vaktvest som heng i brakka.
- Sjå over bana før køyring.
Innsjekk før køyring
Følgjande dokumentasjon skal leggjast fram for sikkerheitsleiar:
- Betalt baneleige for dag/2026 – bruk Vipps
- Betalt medlemskontingent for 2026
- Gyldig lisens for 2026
- Barn under 16 år: Føresett må ha gyldig medlemskap for at lisensen skal vere gyldig
- Registrering i perm
Barn under 16 år skal ha med ansvarshavande.
Maksimalt 2 barn per ansvarshavande.
«Kom og prøv»
- Aktivitetsleiar (oransje vest) skal vere til stades.
- Medlemskap i klubben er krav dersom førar er 13 år eller eldre.
- Medlemskap er ikkje krav for barn 5–12 år – dei kan kjøpe prøvelisens direkte.
- Baneleige skal betalast, både for medlemmar og ikkje-medlemmar.
- Utøvar med kom og prøv lisens skal ha gul refleksvest.
Inndeling av køyretøy og køyring
- Tal på køyretøy på bana: Anbefalt 5 køyretøy per bane. –
- Storleik på køyretøy (inkl. 2‑takt/4‑takt) skal vurderast ut frå aktuelle køyretøy.
- Ferdigheitsnivå er viktig ved inndeling.
- Tid / tal minutt per økt skal vurderast, då motocross er krevjande både fysisk og mentalt.
Anbefalt køyretid per gruppe:
- Barn: 15 min
- Ungdom: 15 min
- Vaksne: 15 min
- Sikkerheitsleiar kan delegere foreldre/publikum som flaggvakter ved behov.
Minimumsalder for flaggvakter er 16 år.
Flaggvakt
Sikkerheitsleiar kan delegere foreldre eller publikum til å vere flaggvakt.
Minimumsalder for flaggvakter er 16 år.
Ein flaggpost skal overvake bana i køyretetninga frå der han eller ho står. Ansvarsområdet reknast frå ei linje i forkant av flaggposten og fram til neste flaggpost. Dersom noko skjer innanfor dette området, skal flaggvakta signalisere med korrekt flagg, slik at flagget er godt synleg for utøvar eller utøvarar.